Innholdx
heading-frise

Videomøter

Bruk av videomøte og videostrøyming (”streaming”) har potensial til å redusera reiseaktivitet og dermed redusera miljøutslepp. Systematisk registrering av bruk gir grunnlag for dokumenterte innsparingar både økonomisk og miljømessig. Føresetnaden for miljøvinst er ei målmedviten satsing på å erstatta delar av tenestereisene med virtuelle møte.

1. Problem og føremål

Tenestereiser står for halvparten av flyreisene innanlands og om lag kvar tredje utanlandsreise (Denstadli og Rideng 2012). Systematisk bruk av videomøte og videostrøyming av arrangement over nettet (”streaming”) kan truleg erstatta delar av desse reisene, og dermed redusera samla CO2-utslepp.

2. Beskrivelse av tiltaket

Frå videokonferansar til videomøte

Begrepet videokonferanse er i ferd med å bli erstatta av videomøte. Møte understrekar det uformelle og lett tilgjengelege i motsetnad til konferanse. Også begrep som bildetelefoni og videotelefoni har vore brukte, men i sjeldnare grad.

Der videomøte er ei overføring av bilete og lyd i møte­samanheng, med eit fåtal deltakarar, er videostrøyming ein-til-mange-teknologi og slik sett ein kringkastings-teknologi. Eit problem med begrepet video­strøyming (eller berre strøyming) er at det blir brukt både om direkte­avspeling og avspeling av opptak.

Stadig enklare teknologi

Videomøte og videostrøyming krev infrastruktur (breiband) av ein viss kapasitet. I følgje dei siste undersøkingane har 94 % av norske husstandar tilgang til kapasitet på minst 4 Mbit/s nedstraums og 0,5 Mbit/s oppstraums (FAD 2011). I arbeidslivet har verksemder i offentleg sektor god breibandtilgang (Ølnes m. fl. 2012) medan verksemder i næringslivet har noko dårlegare tilgang. I næringslivet er manglande breibandtilgang framleis eit visst hinder, men ikkje det viktigaste.

Utstyr for videomøte vart først tilbode kommersielt på 1980-talet, av verksemder i USA (http://en.wikipedia.org/wiki/Video_conferencing), men også Norge var tidleg ute med denne teknologien, med Televerkets forskingsavdeling i spissen (Julsrud m. fl. 1998, Julsrud 2003).

Frå 1991 til 2006 5-dobla marknaden for videokonferanse seg til ein verdi på over ein milliard dollar (Denstadli og Gripsrud 2010). Kommunikasjonsmessig har videomøte gått frå å bruka tradisjonelle telelinjer (ISDN, ADSL) til også å ta i bruk Internett (IP). I det siste har også web-en blitt meir vanlig som plattform for videomøte, parallelt med at lågterskel­tilbod som Skype og andre tenester har vakse fram.

Mange verksemder har utstyr for videomøte installert. Ei undersøking gjennomført mellom vel 1400 norske forretnings­reisande fann at om lag 70 prosent hadde tilgang til utstyr for videomøte på arbeidsplassen. Tilgang var positivt korrelert med storleik på verksemda, og utbreiinga var størst i private verksemder innan oljebransjen (Denstadli m. fl. 2011). Framleis er dei tradisjonelle dedikerte konferansesystema, dvs. system som er konstruerte berre for videomøte, mest utbreidde i norsk næringsliv, sjølv om ein av tredjedel også har tilgang til PC-baserte systemer (Ølnes m. fl. 2012, Denstadli m. fl. 2011). Det siste talet er nok i realiteten høgre enn det respondentane har oppgitt. I praksis har alle med ein nyare berbar pc, videokamera integrert og dermed potensiale til å gjennomføra videomøte.

Video på nettet er ikkje noko nytt, det har vore ein nesten eksplosiv vekst dei siste åra, særleg knytt til kommersielle videotenester som YouTube og liknande (Labovitzet m. fl. 2010). Men bruk av video til møte og overføring av arrangement i arbeidslivet, heng etter. Her er det eit stort, unytta potensial (Ølnes m. fl. 2012)

Utviklinga frå dyre, dedikerte videokonferanse-system til enkle pc-baserte system for videomøte er eit godt eksempel på ein disruptiv teknologi (Bower og Christensen 1995). Det er ei teknologiutvikling der store, etablerte system blir utfordra av enklare og ofte billegare. Det nett­baserte programmet Skype vart svært poplært fordi det gjorde det muleg med gratis telefonsamtalar og videomøte over nettet. Kvaliteten var langt under dei dyrare video­konferanseløysingane, men den var god nok for brukarane. Det viktigaste var prisen, heilt i samsvar med ein disruptiv (forstyrrande) teknologi.

Pilotprosjekt med system for evaluering

På nye tiltaksområder er det viktig at ein har med evalueringsopplegg. I det norske KxG-prosjektet (sjå også kapittel 5), vart det utarbeidd ein strategi for systematisk måling av miljøinnsparingar hjå partnarorganisasjonane. Strategien innebar enkle system for registrering av bruken av videomøte og om slik bruk erstatta eit fysisk møte. Basert på desse registreringane kunne ein rekna ut både økonomiske og miljømessige innsparingar (Simonsen 2010). Registrerings­opplegg og metode for utrekning av CO2-reduksjon er dokumentert i sluttrapporten for prosjektet (Ekström m. fl. 2012).

KxG-prosjektet identifiserte fire effektområde for videostrøyming og videomøte, sjå figur 1.

Figur 1: Effektområde for bruk av videomøte og videostrøyming
 

Figur 1: Effektområde for bruk av videomøte og videostrøyming

Bak kvart av effektområda Kunnskap og innovasjon, Samarbeid og Demokrati, ligg det miljømessige og økonomiske innsparingspotesial som utgjer det fjerde området. Videostrøyming av arrangement inneber at fleire får tilgang til kunnskap, og med offentlege arrangement har det også ei demokratisk side. Videomøte handlar også om kunnskap, men mest om samarbeid. For begge teknologiar gjeld det at det er store økonomiske innsparingar i bruken på grunn av redusert reiseaktivitet, og at det også har positive miljøverknader i form av reduserte CO2-utslepp.

Nettstad som kommunikasjonskanal mellom møter

Ei stor utfordring i bruk av videostrøyming er mangel på oversikt over tilgjengelege arrangement. I KxG-prosjektet vart difor nettstaden http://kxg.no etablert for å skaffa ein slik oversikt. Den er også ei informasjonsteneste for dokumentasjon av ulike verktøy for videomøte og videostrøyming. På nettstaden er det enkle råd for korleis ein kan ta til med videostrøyming av eigne arrangement, med ulike ambisjonsnivå økonomisk knytt til ulike teknologival. Det er også enkle sjekklister for arrangørane med sjekkpunkt før, under og etter arrangementet.

 

3. Supplerande tiltak

Mange verksemder har alt omfattande bruk av videomøte, og for desse vil det vera snakk om å ta i bruk supplerande metodar for å rekna ut økonomiske og miljømessige innsparingar.

Bruken av videomøte har framleis barrierar knytt til kompatibilitet og tilpassing til opne standardar (Ølnes m. fl., 2012). Tekniske problem, enten med eige eller mottakaren sitt system, blir oppgitt å vera ein viktig barriere.

Det har komme nye tenester på marknaden som adresserer desse problema. Dei tilbyr saumlaus integrasjon mellom ulike typar videomøteutstyr. Ved å abonnera på slike tenester, blir videomøtet kopla til ei tredjepartsteneste som sikrar kompatibilitet. Eit eksempel på ei slik teneste er VideoNor som også tilbyr ei katalogteneste for enklare oppkopling. Det kan samanliknast med ”gule sider” for videomøte.

For videostrøyming er det ei utfordring å redusera ulempene som følgje av einvegs-kommunikasjonen. Prosjektet KxG prøvde ut ulike kanalar for å skapa ein viss tovegs-dialog med arrangøren (eksempelvis spørsmål via Twitter, verktøy som CoverItLive o.l.). Det fungerte bra, men kan ikkje fullt ut erstatta den tovegs-dialogen som ein får ved fysisk deltaking. Det krev også ein god del meir av arrangøren, som får fleire ting å passa på.

 

4. Kvar er tiltaket eigna?

Bruk av videomøte og videostrøyming er aktuelt for heile landet. Undersøkingar gjort for Distriktssenteret (Ølnes m. fl. 2012) viste at sentrale stader (departement og direktorat) på grunn av mangel på utstyr var dårlegare rusta til gjennom­føring av videomøte enn desentrale delar av landet. Offentlege verksemder er generelt betre utstyrte med omsyn til gjennom­føring av videomøte enn private verksemder (ibid.), og større verksemder har generelt betre tilgang til video­møte enn mindre (Denstadli og Rideng 2012).

Videomøte passar best i situasjonar der møtedeltakarane kjenner kvarandre frå før, og det ikkje er for mange på kvar side. Den vanlegaste forma for møte er prosjektmøte og generell informasjonsutveksling. Dei fleste møta føregår mellom tilsette ved geografisk skilde einingar innan same verksemd (Denstadli m. fl. 2011). Til dømes vart det gjennomført nær 33 000 videomøte i NAV i 2011, ein auke på 32 % frå året før (Ekström m. fl. 2012). Fleire norske studiar viser at videomøte blir oppfatta som meir effektive enn fysiske møte (Denstadli m. fl. 2011, Ølnes m. fl. 2012).

Strøyming av video frå arrangement kan brukast av alle, uavhengig av geografisk plassering. Kravet til mottakaren er berre ein pc/nettbrett/mobiltelefon med nettlesar. Også her er verksemder i offentleg sektor komne lenger i bruken enn private (Ølnes m. fl. 2012). Dei mest nærliggjande innsparingane er nettoverføringar av korte, opne (gratis) arrangement som frukostseminar o.l. Ei utfordring knytt til realisering av innsparingspotensialet er at arrangøren får større kostnader medan innsparingane skjer hos deltakarane.  

Det er også viktig å få fram at kunnskapsutvekslinga både kan og bør gå begge vegar, og at det ikkje berre er ei sentrum-periferi-retning. I tillegg er det viktig å sjå på dette i ein global samanheng og då blir Norge ein utkant i den store verda. Norge kan såleis gå føre med eit godt eksempel for andre land, t.d. kan vi påverka slik at fleire internasjonale arrangement kan overførast via nettet (t.d. mange informasjons­­møte frå Brussel).

 

5. Bruk av tiltaket ? Eksempel

Både videomøte og videostrøyming er kjend og utprøvd teknologi og det finst etter kvart mange eksempel på bruken. Utfordringa er å få til ein meir systematisk bruk av desse teknologiske hjelpemidla enn vi har i dag, og gjennom registrering få tal for innsparingar både økonomisk og miljø­messig.

Video står for ein stor del av kommunikasjonen på nettet i dag, men det er mest til underhaldning og i privat samanheng, og langt mindre i arbeidssamanheng.

Prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser” (KxG)

Prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser” (KxG) hadde som føremål å redusera CO2-utslepp ved å redusera tal teneste­reiser, ved å ta i bruk videomøte og videostrøyming meir aktivt og systematisk.

Partnarane Lotteri- og stiftelsestilsynet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane gjennomførte registreringar av bruk av videomøte i sine organisasjonar og ut frå desse registreringane vart miljøgevinst i form av redusert CO2-utslepp rekna ut.

Teknologirådet var også partnar og gjennomførte ei rekkje video­strøyming av arrangement der også utprøving av verktøy for tovegs-dialog med deltakarar via nettet var sentralt.


Figur 2: Overføring av kommunestyremøte i Fjaler kommune ved hjelp av enkel teknologi basert på mobiltelefon 

Figur 2: Overføring av kommunestyremøte i Fjaler kommune ved hjelp av enkel teknologi basert på mobiltelefon

Figur 3: Eksempel på registreringsbilete for videomøte, Lotteri- og stiftelsestilsynet

Figur 3: Eksempel på registreringsbilete for videomøte, Lotteri- og stiftelsestilsynet

6. Miljø- og klimavirkningar

Det finst både internasjonale og norske studiar av  miljøeffektar av ulike typar videomøte. Ofte har ein brukt endringar i reiser og reisemønster for å rekna ut miljø- eller klimaeffektar. Ein ser ikkje direkte på miljø- og klimaeffektar.

Internasjonale studiar

Det har sidan midten av 1970-talet vore gjennomført fleire studiar av samanhengen mellom reiseaktivitet i yrkes­samanheng og bruk av videomøte. Resultata frå desse er svært sprikande. Medan enkelte tidlege studiar indikerte at elektroniske møte kunne redusera reiseaktiviteten med opp til 50 prosent (Petersen 1977) har nyare undersøkingar vore langt meir forsiktige. Ein studie gjort av Apogee Research Inc. i starten av 1990-talet estimerte reisesubstitusjon gjennom bruk av videomøte til rundt 2 prosent (Roy og Filitraut 1998).

Seinere har Bonsall og Shires (2006) estimert at forretningsreisene kan reduserast med 8-9 prosent dersom mulegheitene ved bruk av IKT blir utnytta maksimalt og kostnadene ved innkjøp av utstyr held fram med å gå ned. Dei fleste studiane som estimerer potensialet for reduksjon er imidlertid baserte på teoretiske modellar og analysar.

Empiriske studiar av videomøte i organisasjonar finn at desse i liten grad blir nytta som erstatningar, men i tillegg til vanlege møte (Andreev m. fl. 2010).

Sidan 1990-talet har det komme fleire studiar som indikerer at bruk av IKT på individ- og systemnivå ser ut til å kunna stimulera til like mykje reiseaktivitet som dei erstattar (Lu og Peeta 2009, Mokhtarian 2003). Dette gjeld spesielt i samband med innføring og bruk av mobile kommunikasjons-system i arbeidslivet (Julsrud m. fl. 2012, Nobis og Lenz 2009). Desse studiane har gjort at det i dag er få forskarar som trur at videomøte eller annan IKT har nokon direkte transport­reduserande effekt (Aguilera 2008). Dette betyr likevel ikkje at videomøte ikkje kan vera nyttige som eit supplerande tiltak når verksemder ønskjer å redusera reiseaktiviteten. I slike situasjonar vil bruk av videomøte kunna vera viktig ”avlasting” som gjer det muleg å oppretthalda samhandling og koordinering over avstand. 

Når det gjelder bruk av videostrøyming som eit tiltak for å redusera reiser er det gjort få internasjonale studiar.

Norske studier

Fleire norske studiar har konkludert med at potensialet for å erstatta tenestereiser med videomøte er avgrensa (Denstadli og Haukeland 1998, Denstadli og Julsrud 2003). Årsaka til dette er den vekta næringslivet legg i å byggja personlege nettverk, noko som vanskeleg let seg gjera i videomøte. I ein nyleg gjennomført studie svarte fire av fem forretnings­reisande med fly at den uformelle kontakten var like viktig som den formelle delen av møtet dei skulle delta i (Denstadli m. fl., in press). Næringslivets reiser er imidlertid konjunktur­avhengige – økonomiske nedgangstider resulterer i strengare kostnadskontroll og i nokre tilfelle auka bruk av alternativ kommunikasjonsteknologi. Nedgangen i forretningstrafikken med fly i perioden 1998-2003 har mellom anna vorte forklart med låg økonomisk vekst og høge billettprisar, men også auka bruk av videomøte. Det vart estimert at videomøte erstatta 150-200 000 forretningsreiser med fly i denne perioden (Denstadli 2004). 

I prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser” (KxG) vart det gjennomført registrering av bruk av videomøte og nett­overføring (både på arrangement- og publikumsida) hos partnar-verksemdene. Prosjektet kunne visa til relativt store økonomiske innsparingar, og gjennom det også miljømessige innsparingar.

Effektane av auka bruk av video og nettoverføring av arrangement, kan delast i to hovudkategoriar; kvantitative og kvalitative. Dei kvantitative effektane er økonomiske (kroner) og miljømessige (CO2-reduksjon). Dei kvalitative effektane er særleg knytte til kunnskap og innovasjon, nettverksbygging (samarbeid) og demokrati (betre tilgjengeleg­heit). Dei kvalitative effektane er vanskelege å måla, men er truleg minst like viktige som dei kvantitative effektane.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sparte i 2011 kr 250 000,- i reisekostnader (transport, kost og overnatting) og den reduserte reiseaktiviteten utgjorde ein utsleppsreduksjon på 13,5 tonn CO2 (Ekström m. fl. 2012). I tillegg registrerte Fylkesmannen spart reisetid på 860 timar. For Lotteri- og stiftelsestilsynet var tala kr 340 000,- og 18,2 tonn CO2, med 460 timar spart reisetid. I reduksjon av CO2-utslepp er det lagt til grunn eit livsløpsperspektiv slik at konstruksjon, vedlikehald av infrastruktur i tillegg til produksjonen og vedlikehaldet av transportmiddela er rekna inn (Simonsen 2010). I prosjektet blir det arbeidd med å standardisera desse utrekningane på visse transportstrekningar for å få eit felles datagrunnlag for partnarane. Dei standardiserte utsleppstala vil bli publiserte på kxg.no

Med tanke på det samla potensialet i bruk av videomøte for reduksjon av tenestereiser, er erfaringane frå KxG-prosjektet interessante. Sogn og Fjordane fylkeskommune reduserte som følgje av prosjektet reisebudsjettet for sentral­administrasjonen med 15 % i 2011, og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane reduserte reise­budsjettet for 2010 med 5 % og vidare 2011-budsjettet med ytterlegare 5 % (Ekström m. fl. 2012).

7. Andre verknader

Eit anna sentralt moment for utvikling av bruken av videomøte og videostrøyming, er nettverkseffektar. Nettverkseffektar er enkelt sagt at til fleire som har same teknologi (eller vare) som du sjølv, til meir nytte vil du få av den (Katz og Shapiro 1985). Ein viktig føresetnad her er sjølvsagt kompatibilitet mellom produkta. Når ei ny verksemd investerer i utstyr for videomøte, kjem det alle andre med tilsvarande utstyr til gode og vi får ein positiv og sjølvforsterkande effekt.

 

8. Kostnader

Kostnader knytte til auka bruk av videomøte og video­strøyming av arrangement kan delast i utstyr og arbeid. For å gjennomføra videomøte trengst det teknologisk utstyr av ein viss kvalitet, men det kan gjerast så enkelt som å bruka Skype eller liknande program og innebygd videokamera på pc.

Nettoverføringar av arrangement kan enten gjerast av verksemda sjølv eller det kan leigast ekstern hjelp. For dei som ønskjer å gjera dette sjølve, finst det kostnadsmodellar og teknologi-vegvisar på kxg.no

 

9. Formelt ansvar

Ansvaret for gjennomføring av tiltak som videomøte og video­strøyming ligg til dei enkelte verksemdene. I KxG-prosjektet har vi prøvt å løfta problemstillinga til eit politisk nivå for å få ei tydelegare satsing. Grunnen er at det er openberre gevinstar å realisera, og at dei vil komma raskare ved ei samla satsing, enn som no ved å la marknaden utvikla dette. Særleg gjeld dette området videostrøyming, der det ikkje er organisasjonsmessig samsvar mellom kostnader og gevinstar. Kostnadene fell på arrangøren, medan gevinsten tilfell deltakarane. Ei betalingsordning kan retta opp denne ubalansen, men introduserer nye utfordringar med praktisk gjennomføring.

 

10. Utfordringar og mulegheiter

Video på nettet representerer ein stor del av den totale kommunikasjonsmengda og er alt ein suksess, men mest i underhaldningssamanheng og for forbrukardelen av marknaden. Næringsliv og offentleg sektor heng etter i utviklinga. Barrierar mot auka bruk av nettet til slike føremål er i første omgang mangel på kunnskap om teknologien og ei skeivfordeling av kostnader og innsparingar (Ølnes m. fl. 2012). Det siste gjeld videostrøyming, der arrangøren får ekstra kostnader medan mottakaren får økonomiske innsparingar.

Trass i omkostningane knytt til fysiske reiser, og tilgangen på IKT med mulegheit for å erstatta arbeidsmøte, held omfanget av forretningsreiser fram med å auka. Ei viktig årsak er som nemnt at dei fysiske møta, og bygginga av uformelle personlege nettverk gjennom ansikt-til-ansikt møte, har fått auka betydning i store delar av næringslivet (Asheim m. fl. 2007, Jones 2007, Larsen m. fl. 2008). Mange oppgåver i eit meir globalisert og kunnskaporientert næringsliv ser ut til å vera avhengig av samhandling i uformelle ansikt-til-ansikt møte. Dette gjer at videomøte truleg berre i avgrensa grad kan erstatta møteaktivitetar retta mot eksterne partnarar. Potensialet for å erstatta reiseaktivitetar i verksemdene er truleg vesentleg høgre i samband med interne møte. Dette omfattar til dømes styremøte, interne prosjektmøte, avdelingsmøte, ad-hoc arbeidsmøte m. m. Skal slike gevinstar realiserast, er det likevel nødvendig at verksemdene har klare målsetjingar om å redusera omfanget av tenestereisene, slik KxG-prosjektet har vist er muleg i eit avgrensa omfang.

Transnova-prosjektet KxG har vidare vist at det er ei stor utfordring å løfta dette til eit nasjonalt initiativ. Prosjektet har vist at det er store gevinstar å henta økonomisk og miljømessig, men det store potensialet blir først utløyst ved å ta teknologien i bruk i nasjonal skala.

11. Referansar

Aguilera, A. 2008
Business travel and mobile workers. Transportation Research Part A(42), 1109-1116.

Andreev, P., Salomon, I., & Pliskin, N. 2010
Review: State of teleactivities. Transportation Research Part C, 3(20), 3-20.     

Arnfalk, P., & Kogg, B. 2003
Service transformation – managing a shift from business travel to virtual meetings. Journal of Cleaner Production, 11, 859-872. 

Asheim, B., Coenen, L., & Vang, J. 2007
Face-to-face, buzz, and knowledge bases: Sociospatial implications for learning, innovation, and innovation policy. Environment and Planning C-Government and Policy, 25(5), 655-670. doi: 10.1068/c0648

Bonsall, P., & Shires, J. 2006
Employer expectations for commuting and business-related travel in an environment rich in information and communication technologies. Transportation Research Record: Journal of the Transportation Research Board of the National Academics, 1977, 268-276.     

Bower, J. L., & Christensen, C. M. 1995
Disruptive Technologies: Catching the Wave. Harvard Business Review, 73(1), 43–53

Denstadli, J.M. 2004
The impact of videoconferences on business travel: the Norwegian Experience. Journal of Air Transport Management, 10(6), 371-376.

Denstadli, J. M., & Gripsrud, M. 2010
Face-to-face by travel or picture: The relationship between travelling and video communication in business settings. International business travel in the global economy (s. 217–238). Farnham, England: Ashgate.

Denstadli, J.M., Gripsrid, M., Hjorthol, R. og Julsrud, T.E. (inpress). Videoconferencing and business air travel: Do new technologies produce new interaction patterns? Forthcoming in Transportation research Part C.

Denstadli, J. M., Julsrud, T. E., & Hjorthol, R. J. 2011
Videoconferencing as a Mode of Communication: A Comparative Study of the Use of Videoconferencing and Face-to-Face Meetings. Journal of Business and Technical Communication, 27 (4)(Dec. 2011), 1–27.

Denstadli, J.M. og Rideng, A. 2012
Reisevaner på fly. Oslo, Transportøkonomisk institutt. Rapport 1209/2012.

Denstadli, J.M. og J.V. Haukeland 1999
Videokonferanser – en ny møteplass for næringslivet? Oslo, Transportøkonomisk institutt. Rapport 426/1999.

Denstadli, J.M. og T.E. Julsrud 2003
Videokonferasner i næringslivet: Økt bruk, færre reiser? Oslo, Transportøkonomisk institutt. Rapport 670/2003.

Ekström, F., Walnum, H. J., & Ølnes, S. 2012
Kunnskap kryssar grenser – Auka bruk av videomøte og nettoverføring for reduksjon av CO2-utslepp ( No. VF-rapport 1/2012) (s. 40). Sogndal: Vestlandsforsking. Hentet fra http://www.vestforsk.no/rapport/kunnskap-kryssar-grenser

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) 2011
Deknings­undersøkelsen 2011. http://www.regjeringen.no/upload/FAD/Vedlegg/IKT-politikk/Bredbandsdekning_2011.pdf

Jones, A. 2007
More than ‘managing across borders? ‘ The complex role of face-to-face interaction in globalizing law firms Journal of Economic Geography, 5(3), 177-200.

Julsrud, T. E. 2003
Fra stort og stasjonært til feksibelt og mobilt? Om bruken av videokonferanser i norske bedrifter i periodenj 1998-2003. Oslo, Telenor Forskning og Innovasjon. Telenor R og I-rapport 40/03.

Julsrud, T. E., Hjorthol, R. J., & Denstadli, J. M. 2012
Business meetings: Do new videoconferencing technologies change communication patterns? . Journal of Transport Geography  24(September), 396-403.

Julsrud, T. E. og Hovland Eriksen, M. 1998
Kriterier for aksept av videokonferanser i norske bedrifter: en kvalitativ forstudie. Kjeller, Televerkets Forskningsinstitutt. FOU-rapport 27/98.

Katz, M., & Shapiro, C. 1985
Network externalities, competition, and compatibility. American Economic Review, 75, 424–440.

Labovitz, C., lekel-Johnson, S., McPherson, D., Oberheid, J., & Jahanian, F. 2010
Internet Inter-Domain Traffic (Bd. SIGCOMM ’10 Proceedings, s. 75–86). Presentert på ACM SIGCOMM 2010 Conference, New Delhi, India: ACM.

Larsen, J., Urry, J., & Axhausen, K. 2008
Coordinating face-toface meetings in mobile network societies. Information, Communication & Society, 11(5), 640-658.

Lu, J. I., & Peeta, S. 2009
Analysis of the factors that influence the relationship between business air travel and videoconferencing. Transportation Research Partt A, 43, 709-721.    

Mokhtarian, P. L. 2003
Telecommunications and travel: The case for complementarity. Journal of Industrial Ecology,.            

Nobis, C., & Lenz, B. 2009
Communication and mobility behaviour – a trend and panel analysis of the correlation betweem mobile phone use and mobility. Journal of Transport Geography, 17, 93-103.   

Petersen, H. 1977
Telekommunikation und verkehr. Internationales Verkehrswesen( ), 224-228.   

Roy, J., & FIlitrault, P. 1998
The impact of new business practices and information technologies on business air traffic demand. Journal of Air Transportation Management, 4(2), 77-86.

Simonsen, M. 2010
Transport, energi og miljø – Sluttrapport fra strategisk instituttprogram ( No. VF-rapport 1/2010). Sogndal: Vestlandsforsking. Hentet fra http://www.vestforsk.no/rapport/transport-energi-og-miljo

Vågane, L., Brechan, I., & Hjorthol, R. 2011
Den nasjonale reisevaneundersøkelsen 2009 – nøkkelrapport (Vol. 1130/2011). Oslo: Transportøkonomisk Institutt.

Ølnes, S., Ekström, F., Simonsen, M., & Aall, C. 2012
Kommunikasjon uavhengig av stad – Faktorar som hemmar og fremjar bruken av videomøte og nettoverføring ( No. VF-rapport 11/2011) (s. 128). Sogndal: Vestlandsforsking. Hentet fra http://www.vestforsk.no/rapport/kommunikasjon-uavhengig-avstad

 


1Tiltaket beskriver et pågående prosjekt, og vil bli oppdatert i 2012 når prosjektet er ferdig. Oppdateringen vi da også inkludere referanser til annen relevant forskning om videomøter.